Nyetablering i Dragsund

PG Hydraulics skal i mars levere ein 3mega Watt hydraulisk aggregat til Ulstein verft og Eidesvik. Dei nye lokala i Dragsund skal vere betre eigna til dei framtidige satsingane til verksemda.
PG Hydraulics AS flyttar frå Mjølstadneset til Dragsund.
Vikebladet.no
Publisert: 22.02.2012 kl. 18:00
Endret: 22.02.2012 kl. 16:26

Andreas Røyseth, Sales & Marketing Manager, opplyser om at det er morselskapet PG Marine Group som har sikra dei nye produksjons- og kontorlokale i Dragsund industriområde i Herøy kommune. Dei har inngått avtale med Ulstein Marine Technology om å overta «Hydrakraftbygget».

Dette er ein del av PG Marine si framtidige satsing mot det maritime miljøet i regionen, og ikkje minst knytt til den forventa ratifiseringa av IMO’s lovgjeving om behandling av ballastvatn.

– Desse lokala var i utgangspunktet bygd og tilpassa produksjon av avansert maritimt utstyr, og inneheld svært gode produksjons- og testfasilitetar for denne type utstyr, seier Røyseth.

PG Hydraulics overtek lokala 1. mai i år. Dei vil vere operative i nye lokale i løpet av mai. Dei har starta detaljplanlegginga for utnytting av lokala for å sikre at dei skal betene kundane på ein effektiv, sikker og konkurransedyktig måte.

Plass til leigetakarar

Bygningsmassen består av totalt 2000 kvadratmeter, og inneheld gode logistikk- og krankapasitetar og gjev mykje areal.

Det store arealet gjev selskapet høve til å leige ut delar av bygget til supplerande verksemder.

Det er viktig for PG Marine Group at dei er lokalisert i nærleiken til kystbyen Fosnavåg og det komplette maritime miljøet der.

– Lokaliseringa i Dragsund Industriområde er for oss ei sentral plassering, dette området gjev oss tilgang på arbeidskraft frå Vanylven i sør, Ørsta/Volda i aust og Ålesund i nord. Leiinga i PG Hydraulics ser på denne investeringa som ei tillitserklæring frå eigarane våre, forklarer Røyseth.

Positiv utvikling

PG Hydraulics har hatt ei positiv utvikling det siste året, med god kapasitetsutnytting, og er ein av dei definitivt store produsentane av hydrauliske aggregat for maritim sektor.

Det siste året har selskapet vekse jamt, både i omsetning og talet på tilsette.

– Utan denne investeringa kunne lokala vi nyttar i dag på Mjølstadneset blitt ein avgrensande faktor for den vidare satsinga vår. Den positive utviklinga er eit resultat av satsing og tillit frå eigarane våre, samt dyktige medarbeidarar.

På forsiden nå

Vi følgjer 17. mai der du bur

Vikebladet Vestposten vil vere rundt om i alle bygdene i Hareid og Ulstein på 17. mai. Les meir

Roleg natt til 17. mai

Berre ei melding om promillekøyring har kome inn natt til 17. mai. Les meir

Motorsyklist køyrde av vegen på Skeide

Vart frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Les meir

Hødd - Ullensaker/Kisa i bilde

Sjå bilde frå kampen mellom Hødd og Ullensaker/Kisa på Høddvoll 16. mai. Les meir