Havyard Group AS kjøpte nyleg 70 prosent av aksjane i MMC. MMC har 120 tilsette, og bedrifta har hovudkontoret på Mjølstadneset i Fosnavåg med avdelingar i Stavanger, Haugesund, Vigra og Tromsø. I tillegg er selskapet etablert i Lima, Peru. I 2000 vart MMC og Tendos slått saman, og har sidan den tid vore marknadsleiande på produkta dei leverer til fiske- og brønnbåtar og landbaserte mottaksanlegg.

Leiinga i Havyard Group er overtydd om at oppkjøpet av utstyrsleverandøren vil legge grunnlaget for at dei to selskapa samla vil stå svært sterkt innanfor fiske- og brønnbåtmarknaden. MMC vil halde fram på stort sett same måten som i dag, og at dei resterande aksjane i selskapet skal eigast av leiinga i MMC.

Lokal verdiskaping

– Vi har brukt MMC som underleverandør på fleire prosjekt, mellom dei no den nye brønnbåten, eit Havyard 587-design, til Fosnavaag Shipping AS. Vi har vorte godt kjende med bedrifta, som har svært gode produkt med ein sterk marknadsposisjon og mange dyktige og motiverte tilsette. Basert på kjennskapen vår til bedrifta og dei tilsette, samt at vi ønskjer å utvikle oss innanfor fiskerisegmentet, er oppkjøpet av MMC derfor eit viktig steg i rett retning, seier konsernsjef, Geir Johan Bakke, i Havyard Group AS.

Bakke understrekar at oppkjøpet vil føre til lokal verdiskaping både i Fosnavåg og på dei andre stadene der MMC og Havyard er etablerte.

– Den samla kompetansen i MMC og Havyard vil no gi kundane våre eit enda betre og meir konkurransedyktig produkt. Vi ser fram til å utvikle samarbeidet og styrke posisjonen til både Havyard og MMC i framtida, seier Geir Johan Bakke, som understrekar at MMC vil halde fram som ei sjølvstendig bedrift.

– Forskjellen er at dei no vil få hjelp frå Havyard til å forsterke den positive utviklinga som selskapet har hatt, legg konsernsjefen til.

Etter oppkjøpet vil Havyard-konsernet, inkludert MMC og Norwegian Electric Systems AS der selskapet no eig høvesvis 70 og 40 prosent, forvente å omsette samla for ca. 2 milliardar kroner og ha nærare 700 tilsette.

Sterkare saman

Konsernsjef i MMC Leif Gjelseth er svært positiv til samanslåinga. – Havyard har hatt ei veldig imponerande utvikling, og står fram for oss som eit industrieventyr. Konsernet har leiarar som har utvikla selskapet på ein veldig bra måte og har ein leiarfilosofi og prosesstankegang som vi ser er godt overførbare til våre bedrifter, påpeikar Gjelseth.

– Dette gjer oss overtydde om at konsernet er rett bedrift til å vere med å utvikle MMC vidare. Samanslåinga vil også bidra til at vi kan utvikle MMC-produkta enda betre, til glede for kundane våre, seier Gjelseth. Han peikar på at MMC no er inne i ein sterk vekstperiode, og at det i denne samanhengen er spesielt viktig for MMC å få inn ein sterk og industriell eigar.

– Denne endringa vil dessutan styrke konkurransekrafta vår på lang sikt i ein spennande og krevjande marknad, og dette vil også forsterke det gode fagmiljøet i den maritime klyngja, seier MMC-sjef Gjelseth.