Ein ny maritim strategi skal gje svar på korleis Noreg i framtida skal sikre rolla som ein verdsleiande maritim nasjon, håpar næringsminister Monica Mæland (H).

– Dette er første ledd i ein strategi som næringsministeren har fått i oppdrag av regjeringa å utarbeide: Ein heilskapleg politikk for vekst og verdiskaping i maritim næring som eit ledd i det å gjere Noreg meir konkurransekraftig, seier statsminister Erna Solberg (H) til NTB.

Regjeringsstrategien skal etter planen vere klar neste vår, men Solberg og Mæland presenterte åtte satsingsområde for lokale næringslivsrepresentantar og politikarar under vitjinga på Kleven Verft tysdag føremiddag.

Dei maritime næringane sysselset fleire hundre tusen menneske og skapar verdiar for 160 milliardar kroner i året, påpeikar Mæland.

– Spørsmålet er korleis vi skal fortsette å vere ein leiande maritim nasjon også i framtida, seier næringsministeren, som ramsar opp åtte område som skal kartleggjast det neste året: Såkalla «blå vekst» til havs og moglegheitene innan maritim og marin verksemd, utviklinga i internasjonale rammevilkår i den maritime industrien, maritim utdanning, forsking og utvikling, grøn skipsfart, skipsregister, nasjonale rammevilkår og nordområda.