Kleven har inngått kontrakt med det Malaysia-baserte joint venture-selskapet IES Pioneer Ltd om bygging av eit multifunksjonsfartøy av typen MT 6015, skriv Kleven i ei pressemelding.

- Vi er svært glade for å kunne offentleggjere vår første nybyggingskontrakt med ein kunde frå Søraust-Asia. Dette viser at vi er konkurransedyktige globalt basert på vår kvalitet, leveringspresisjon og pris, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Det avanserte fartøyet blir 93 meter langt, 20 meter breitt og får over 1000 kvadratmeter dekksareal. Blant utstyret inngår mellom anna ei 150 tonns aktiv hiv-kompensert offshorekran, helikopterdekk, brannsløkkingsutstyr samt at fartøyet vert klargjort for operasjonar med fjernstyrte undervannsfarkostar (ROV). Multifunksjonsfartøyet vil få ei innreiing til 60 personar.

Det er venta at fartøyet vert kontrahert av olje- og gasselskap som opererer på dei nyoppdaga og svært djupe olje- og gass-felta i Asia og Midt-Austen. MT-design har lang erfaring frå tøffe forhold i Nordsjøen, og det allsidige multifunksjonsfartøyet skal bidra til at prosjekt utført på svært store djupner vert utført til rett tid og med redusert nedetid grunna verforhold, noko som er ein stor fordel for oljeselskapa og deira samarbeidspartnarar.

Ifølgje pressemeldinga er leveringa sett til september 2015. Kontrakten innheld også ein opsjon på ytterlegare eit fartøy.