– Ulsmo har mange dyktige medarbeidarar innanfor våre forretningsområde, som både arbeider og samarbeider godt for at Ulsmo kan nå slike resultat. Dette verdset familien og eg høgt, seier administrerande direktør i Ulsmo, Ingerid Ulstein til Vikebladet Vestposten.

Investeringsselskapet til søskena Vegard, Gunvor, Tore, Ingerid og Idar Marius Ulstein, samt mora Marit Krohn Ulstein, har per i dag vel 800 tilsette. Gjennom Ulsmo er familiegreina til Idar Ulstein største eigar i Ulstein Group, og eigar av dotterselskapa Ulsmo Finans og Ulsmo Eiendom.

I 2013 hadde konsernet ei omsetning på 2,3 milliardar kroner, og eit driftsresultat på 461 millionar kroner.

– Omsetninga var høgare i 2009 (3,8 milliardar kroner), men med tanke på resultatgrad og eigenkapitalavkastning slår 2013 betre ut enn 2009. Vi skaper eit høgt resultat basert på lågare omsetning, seier Ingerid Ulstein.

– Set oss nye mål

Ingerid Ulstein fortel at det alltid er kjekt å oppnå gode resultat og sjå investeringar realiserast på ein fornuftig måte.

– Eit godt resultat eitt år gir ingen garantiar om eit like godt resultat dei neste åra, så i Ulsmokonsernet kvilar vi ikkje på laurbæra. Vi gler oss over det vi har oppnådd, og set oss nye mål.

Nye prosjekt og utfordringar

Ulstein meiner noko av grunnen til at Ulsmo har utvikla seg mykje sidan selskapet fekk sine første tilsette i 1999, er at ein har vore modig, og ikkje minst nyskapande. No ventar fleire nye prosjekt og utfordringar, både innan båt- og husbygging, samt på aksjemarknaden.

– Dei neste åra skal Ulsmo Eiendom føre opp nærmare 200 leilegheiter på Voldsdalsberga og på Blindheim i Ålesund. Ulsmo Finans har hatt ei god utvikling i første halvdel av 2014, og fortset den gode utviklinga vil det bli nok eit godt år for dette forretningsområdet. Maritimt vil få eit greitt år med god oppdragsmengde, men det er sjølvsagt utfordrande med auka konkurranse, høg risiko og skjerpa kontraktsvilkår. I 2014 oppnår konsernet nok ikkje like gode resultat som i 2013, det blir meir som eit normalår, trur Ingerid Ulstein avslutningsvis.