Etter eit rekordgodt 2013 ser Havila Shipping ut til å kunne gjere det endå betre i 2014. Så langt er resultatet på heile 53 millionar kroner betre enn fjoråret.

I andre kvartal hadde Havila eit resultat på 24,4 millionar kroner. Det var om lag 9 millionar kroner lavare enn i 2013, melder Havila i ei pressemelding. Selskapet har no hatt fem kvartal på rad med positive resultat.

Administrerande direktør Njål Sævik hadde ifølgje pressemeldinga forventa ein sterkare spotmarknad i Nordsjøen, men han er nøgd med resultatet så langt.

- Spotmarknadar kan vi ikkje styre. I dette kvartalet var spotmarknaden dårlegare enn forventa, neste kvartal kan det bli betre enn forventa. Eg er glad for at Havila Shipping har ei fast kontraksdekning som vil gje oss overskot både i år og neste år. Slik det ser ut no så blir det positive resultatet høgt nok til at selskapet vil betale utbytte for rekneskapsåret 2014, seier Sævik i pressemeldinga.