Fredag 25. juli vert det storslått dåp av offshorefartøyet Ocean Star på Vågen i Bergen. Bygget vart overlevert til reiarlaget Atlantic Offshore frå Myklebust Verft i mai i år.

Den internasjonale seglregattaen Tall Ships Races er i Bergen frå 24. til 27. juli, og skipsdåpen vert hovudattraksjonen fredag 25. juli. Det er venta opp mot ein halv million besøkande til byen i løpet av  seglregattaen, så sjansen er stor for at det blir solid publikumsrekord for ein skipsdåp.

Skipsdåpen er også ein del av det offisielle grunnslovsjubileet. Ocean Star skal segle inn i Vågen saman med Enigheden (ein kopi av båten som frakta Eidsvollsmennene frå Bergen til Lærdalsøyri i 1814), og vert tatt imot av 100-åringen Statsraad Lehmkuhl (bygd i 1914). Dei tre skipa skal symbolisere Noreg som skipsfartsnasjon gjennom 200 år.

Gudmor Alison Øgreid vert rodd frå Statsraad Lehmkuhl til Ocean Star i Enigheden.

Ocean Star er eit 90,4 meter langt plattform supply-fartøy, og etter festivitas med grunnlovsmarkering og dåp skal skipet operere for Statoil i Nordsjøen. Søsterskipet Ocean Art skal overleverast frå Myklebust til Atlantic Offshore i august.