– Det var rett og slett ein heilt spesiell dåp. Eg har vore med på mange i løpet av tida mi i Kleven, men denne var heilt ulik andre dåpar, seier Ellen Kvalsund til Vikebladet Vestposten.

Som kommunikasjonssjef i Kleven-konsernet var ho sjølvskriven gjest då det nye supplyskipet til Atlantic Offshore blei døypt i Vågen i Bergen. Og det midt under Tall Ships Races, det største arrangementet som er å finne i Noreg i løpet av sommaren 2014.

– Det var så mykje folk samla på Bryggen og rundt på kaiene, og om bord i dei 70 seglskutene som låg inne i Vågen. Elles så var det eit fantastisk godt vêr og god stemning blant publikum. Eg trur ikkje vi kunne bedt om ein betre dåp, det var full klaff, seier Kvalsund.

Del av grunnlovsjubileet

Dåpen var unik på mange måtar, men først og fremst fordi den var ein del av offisielle grunnlovsjubileet. Atlantic Offshore er ein av sponsorane til Tall Ships Races, og det var difor naturleg at eit skip i deira flåte blei valt ut til å representere den moderne båten og skipsindustrien.

Ocean Star segla inn i Vågen saman med Enigheden. Båten som er ein kopi av den som frakta Eidsvollmennene frå Bergen til Lærdalsøyri i 1814. Begge båtane blei tekne i mot av Statsraad Lehmkuhl, den ærverdige tremasta stålborken, som i år kan feire hundre år. Enigheden frakta så gudmor Alison Øgreid, svigerdotter til Knut Øgreid, hovudaksjonær i Atlantic Offshore, konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven og administrerande direktør Roy Wareberg i Atlantic Offshore over til Ocean Star.

– Eg fekk faktisk gåsehud då sjampanjeflaska small mot skroget. Det var ei mektig oppleving, og noko eg sikkert ikkje får oppleve igjen, seier kommunikasjonssjef Kvalsund.

Nøgd konsernsjef

Konsernsjef Ståle Rasmussen var midt i sentrum av hendingane under dåpen. Han var svært nøgd med dåpen og dagen.

– Det var ei fantastisk oppleving, i eit utypisk Bergen-vêr. No ser vi fram til dåpen av søsterskipet Ocean Art, under oljemessa i Stavanger i slutten av august, seier Ståle Rasmussen avslutningsvis.