Etter ei temmeleg aktiv periode på eigedomsfronten i juni og juli, roa det seg ein heil del til august, då 68 eigedomar skifta eigar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Også i september er talet på eigedomstransaksjonar ein heil del lågare enn i juni og juli, men talet går noko opp att frå august.

Det er spesielt i Herøy det har gått oppover med eigedomstransaksjonane den siste månaden. I september vart det omsett 37 eigedomar i Herøy, medan 24 vart omsett i Ulstein.

Hareid går tilbake også i september og var nede i åtte omsette eigedomar i september, medan Sande går noko fram og ender på ni i løpet av den siste månaden.

Les også: Færre eigedomar skifta eigar

Les også: Fleire dyrare eigedomar

Les også: Oppsving i juni

Les også: Herøy omsette mest i mai.

Les også: Sjå alle eigedomane som er selt sidan 2005.

Les også: Her er dei dyraste bustadane.

Les også: Heitast i Ulsteinvik

Les også: Fritidsvinnarar på Sandsøya

Les også: Desse vart selde

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.