Mengda personbilar aukar jamt og trutt i Noreg, og den tilbakelagte strekninga veks år for år. Dette har naturlege forklaringar i folkeauke og at fleire hushald disponerer meir enn éin bil. Derimot er det nedgang i både gjennomsnittleg køyrelengde per bil, og køyrelengde per hushald. Vi har sett nærmare på utviklinga her lokalt dei fire siste åra.

Lokale tal

Gjennomsnittleg køyrelengde per personbil i Noreg har gått ned frå 13.257 kilometer i 2010, til 12.411 kilometer fire år seinare. Det er ein nedgang på over seks prosent. Det er tal frå Statistisk sentralbyrå som viser dette. Mykje av forklaringa ligg i det faktum at fleire hushald disponerer fleire bilar, og at lengdene per bil då går ned.

I Ulstein var gjennomsnittleg køyrelengde per bil på 11.456 kilometer i fjor, som er heile 1.213 kilometer mindre enn for fire år sidan. Dette gir ein nedgang på s[ mykje som 9,6 prosent per personbil. I Hareid kommune var gjennomsnittleg køyrelengde på 11.515 kilometer i fjor, som faktisk er ein liten auke på 0,4 prosent per bil.

Mange millionar km

Det blei tilbakelagt ikkje mindre enn 48,7 millionar kilometer blant personbilane i Ulstein i fjor. Det er 1,5 millionar kilometer meir enn for fire år sidan. Ein kom opp i totalt 32,2 millionar kilometer i Hareid, som er 2,3 millionar kilometer meir enn i 2010.

Om vi skal slå fast kvarvidt ein køyrer meir eller mindre i privatbilane våre, så vil tala altså lyge om ein berre ser på nedgangen i bilane sine gjennomsnittlege lengder. For det blir stadig fleire hushald som har både to og tre biler, og den totale mengda må derfor fordelast per hushald eller per innbyggjar.

Husstandar i Ulstein

Vi har sett på mengda kilometer fordelt på bustadeiningar. Det er 2.349.000 private hushald i Noreg, og gjennomsnittleg privatbilisme på desse var dermed på 14.402 kilometer i fjor. Snittet er 709 kilometer mindre enn for fire år sidan, ein nedgang på 4,7 prosent.

I Ulstein kommune er det 3.378 hushald, og snittet blir dermed på 14.417 kilometer for kvar av desse husstandane. Vi køyrer altså nett so resten av landet per husstand. Tilbake i 2010 var det 408 færre hushald i Ulstein. Den gongen køyrde dei gjennomsnittleg 1.475 kilometer meir, og reduksjon blir dermed på heile 9,3 prosent her. I Hareid kommune talde ein 2.122 hushald i fjor, og snittet blir då på 15.174 kilometer for kvar av desse. Det er 198 kilometer mindre enn snittet i 2010, ein nedgang på 1,3 prosent der.

Dei som køyrer mest

Målt per hushald er det Engerdal kommune i Hedmark som toppar landsoversikta over hushald med lengst tilbakelagte strekningar. Her var snitta på 22.512 kilometer per hushald i fjor. Kautokeino i Finnmark er nummer to med 22.192 kilometer i snitt. Nedst på lista finn vi landet sitt minste kommune, Utsira i Rogaland, med 5.747 km i snitt per bustadeining.

I Møre og Romsdal er det Nesset kommune som topper, med 20.323 km per bueining, med Eide kommune på andreplass (19.776 km i snitt). Sist i Møre og Romsdal er Sandøy, med eit snitt på 10.200 km per hushald.

Køyrelengde per husstand

Gjennomsnittleg køyring per hushald. Personbilar, 2014. Utvikling frå 2010. Kjelde: SSB Km

Utv. (Km) Utv. (%)

  • Ulstein 14.417 -1.475 -9,3

  • Hareid 15.174 -198 -1,3

  • Noreg 14.402 -709 -4,7