Årets siste 6.-divisjonskamp i fotball for Hareid2 gjekk på Hareidsmyrane stadion måndag kveld. Heimelaget slo naboen Haddal med heile 10-0 og enda dermed på 2.-plass på tabellen.

Den slepne teknikaren Venthan Keethesvaran skora fire mål, fleire av dei svært vakre.

I tillegg kom Hiwa Alipoor, Tanussan, Kevin Øvrelid, Fredrik Abrahamsen og Emil Hareide på skoringslista for eit ungt og kjaptspelande Hareid-lag. Eitt av måla var eit sjølvmål.

Stillinga ved pause var 4-0.

Haddal hadde eit par store sjansar i løpet av kampen, men greidde aldri å overliste den unge Hareid-keeperen Sigve Hide, som starta kampen som kaptein. 16-åringen, var i sommar var med på å vinne Norway Cup-gull med Hareid sitt G16-lag i sjuarfotballl. Han overlet kapteinsbindet dei siste 15 minutta til Anders "Slacky" Øiestad.

Haddal i "tenkeboksa"

Haddal har igjen ein hengekamp mot Larsnes/Gursken2. Det har vore spekulert i om laget kjem til å droppe 11-lag neste år og i staden stille berre sjuarlag. Men til dette sa Gunnar Johan Ringstad til lokalavisa måndag kveld: - Det er lenge til neste sesong.

I ein annan kamp i 6.-div. avd. 3 denne kvelden vann Hasundgot 5-2 heime over Volda2. Sebastian Kleven scora hattrick, medan Marius Muren og Joakim Rødven sette dei to andre.

Dette gav følgjande slutt-tabell:

Volda2 31 - Hareid2 30 - Hasundgot 28 - Gjerdsvika/Moltu 16 - Larsnes/Gursken2 11 - Haddal 10.

Men NB: Vinn Haddal hengekampen mot Larsnes/Gursken2, kjem dei på 5.-plass av 6 lag.