Hareid Venstre, Hareid Arbeidarparti og Hareid Kristieleg folkeparti sende i føremiddag ut pressemelding om at det er brot i forhandlingane med Folkelista.

– Kva skar seg?

– Det var mange detaljar som skulle på plass, svarer Stian Runne Brandal (AP).

Han forklarer at det har teke så lang tid med forhandlingar, for dei har ikkje greidd å bli samde. Dei klarer ikkje å møtast.

– Det er ikkje noko dramatikk, men det er ein viss kabal som skal leggjast.

– Er det politiske saker som skil dykk, eller er det fordeling av posisjonar?

– Me har ikkje kome til dei politikken. Det er fordeling av posisjonar, svarer Brandal.

Skulle ikkje vore offentleggjort

Samarbeidsavtalen mellom Folkelista, Arbeidarpartiet, KRF og Venstre skulle aldri ha vore offentleggjort, meiner Brandal. Det var eit arbeidsdokument, for å ha noko å gå vidare med.

No seier han at dei er tilbake til start. Dei tre partia har gjeve opp å forhandle vidare med Folkelista. Han veit ikkje om nokon andre parti har nokon avtale.

– Ei løysing må det bli. Det er synd når sånt skjer, men sånn er det berre, avrundar Brandal.

Og torsdag 15. oktober skal det vere konstituerande kommunestyremøte på Hareid rådhus.

Her kan du lese kva Annika Brandal i Hareid Venstre seier om brotet.