Annika Brandal i Hareid Venstre synest ikkje det er noko kjekt at dei tre partia no har brote forhandlingane med Folkelista. Dei har hatt lange og mange forhandlingsmøte for å prøve å imøtekome Folkelista. På nokre saker har dei blitt samde, men det er nokre saker dei framleis var usamde om. Dei siste detaljane greidde dei ikkje å få på plass. Til slutt måtte dei berre bryte forhandlingane.

– Dette er ikkje noko nokon ønskte, slår Brandal fast.

Ho seier at dei ikkje har lagt nokon plan for vegen vidare. Om dei ikkje får til eit fruktbart samarbeid med andre parti, får dei sitje i opposisjon. Det er no heilt ope kven som blir ordførar, om det blir Kristian Fuglseth (Folkelista) eller Anders Riise (Høgre) veit ho ikkje.

Og torsdag 15. oktober skal det vere konstituerande kommunestyremøte på Hareid rådhus.

Her kan du lese korleis Stian Runne Brandal i Hareid Arbeidarparti kommenterer saka.

Noverande ordførar Anders Riise (Høgre) vil førebels ikkje gje nokon kommentar til Vikebladet Vestposten.