Hareid sokn slit med å få seg prest.

Stillinga etter sokneprest Ruth Eva Sollie vart først lyst ut tildleg i haust, utan at det kom søkjarar. Fristen vart så forlenga til ut september. Men heller ikkje dette gav resultat.

- Vi fekk ingen aktuelle kandidatar, fortel personalsjef Alice Elnes hos Møre bispedømme.

No er fristen forlenga til ut oktober.

- Mangel på prestebustad kan vere ei forklaring

- Vi trudde at Hareid skulle vere ein plass det skulle vere attraktivt for prestar å søkje seg til. Vi har spurt oss sjølve kvifor det ikkje har kome søkjarar, men har ikkje noko klart svar. Men buplikta er oppheva, og Hareid kommune har ingen prestebustad tilby. Det kan vere ei forklaring, kommenterer Elnes.

Ho fortel at akkurat no er Bud og Hustad i same situasjon som Hareid. Heller ikkje der er det aktuelle søkjarar til soknepreststillinga.

I Volda, som er eit større sokn enn Hareid, er det også lyst ut soknepreststilling. Der kom det inn berre ein aktuell søkjar, Kristian Myklebust, tidlegare vikarprest i Hareid. Han skal snart i tilsetjingsintervju med Møre bispedømmeråd.

Rekrutteringa til presteyrket er dårlegare enn for 20 år sidan. Det er rett og slett færre prestar i dag, fortel  Elnes.