No er det klart at Island Offshore igjen blir nøydde til å permittere tilsette. Reiarlaget får uansett skryt frå Norsk Sjømannsforbund for handteringa av krisa fram til no.

Island Offshore har kunna unngått å seie opp tilsette, sjølv om tidene har vore knalltøffe og sjølv om tre av fartøya ligg i opplag. No blir det diverre synlege endringar i arbeidsstokken til det Ulsteinvik-baserte reiarlaget, igjen i form av permitteringar. Tommy Walaunet, viseadministrerande direktør i Island Offshore, bekreftar ovanfor Vikebladet Vestposten at Island Frontier og Island Wellserver, fartøy som begge har vore på kontraktar for Statoil, no som følgje av at arbeidet er sesongbasert, går ut av kontraktane frå midten av oktober fram til 1. april.

– Vi blir eksponerte for ei stilleperiode i vinter, og forventar difor å måtte permittere folk. Vi har derimot ikkje fastsette tal enno, seier Walaunet.

Krisemøte på Gardermoen

Tysdag skal dei store medlemsorganisasjonane for sjøfolk, Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund, slå seg i hop med 30–40 hovudtillitsvalde frå offshorenæringa på Gardermoen, og diskutere situasjonen i marknaden.

– Vi vil først og fremst høyre frå dei tilsette i offshorenæringa sjølve. Vi samlar alle vi kan på ein stad, då kvardagen til dei tillitsvalde, som trass alt også er seglande, er hektisk, seier Morten Øen, kommunikasjonsansvarleg i Norsk Sjømannsforbund, som har rundt halvparten av dei nemnde sjøfolka som medlemmar.

Han vel samstundes å trekkje fram nettopp Island Offshore som eit reiarlag som har ofra mykje for å halde på sine tilsette.

– Det er imponerande korleis reiarlaget har klart å halde på kompetansen gjennom krisetida, og eg håper dei klarer å halde fram med dette gode arbeidet, seier Øen.

Takkar for rosen

Tommy Walaunet har fått med seg at Øen gir Island Offshore skryt.

– Det er særs positivt at det vi har gjort blir verdsett. Vi er nøydde til å finne ein veg gjennom dette saman, for vi forventar tøffe tider også i 2016 og 2017. Det ser ikkje lyst ut framover, men når det snur, så snur det, seier Walaunet.