Ein lett motorsykkel og ein personbil skal vere innblanda, melder Sunnmøre politidistrikt på Twitter.

Klokka 20.40 varsla politiet at ambulanse var komen til ulykkesstaden.

To personer skal vere skadde, og  begge sat på motorsykkelen, opplyser operasjonsleder John Trygve Bratland ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Ulykka skjedde då ein personbil som kom frå Røyset skulle inn på hovudvegen, fylkesvegen gjennom Hareidsdalen, og kolliderte med ein lett motorsykkel som kom køyrande på hovudvegen.

Dei  to personane som sat på den lette motorsykkelen er sende til sjukehus, men skadeomfanget er førebels ukjent.

Motorsykkelen vart sterkt smadra.