UlsteinLAN vert arrangert kvar vinter- og haustferie for å skape eit annleis tilbod til dei ungdommane på Sunnmøre som elskar å spele dataspel. Arrangementet har haldt på sidan den fyrste gongen i 2009, og har vakse mykje sidan den gong. UlsteinLAN har lenge hatt tradisjon for å ha populære tema for kvart LAN. Denne gongen, er det eit klassisk grøssar tema som står for tur med inspirasjon frå filmen Fredag den 13.

Sjå video:

Arrangørane av UlsteinLAN har stort fokus på at ungdom ikkje berre skal sitje framfor PC-en, men vere sosiale og møte nye vener. Under kvart arrangement går det svært ofte filmframsyningar.

I tillegg til dette vert det arrangert utfordrande konkurransar på scena. Ein annan veldig populær stad for ungdom å møte nye vener, er i kiosken.

Ulikt dei andre LAN-arrangementa på Sunnmøre har arrangørane høg prioritet på sunne alternativ både når det kjem til mat og drikke. Dei som ynskjer sunn mat kan kjøpe seg friske og sunne salatar og bagettar. I tillegg kan deltakarane kjøpe seg matbillett – som vil gi deltakarane varierte frokost- og middagsrettar kvar einaste dag under arrangementet.

Deltakarane har moglegheita til å kunne vise sine ferdigheiter i dataspelkonkurransar der dei kan vinne store pengepremiar. Det er individuelle konkurransar, og lag konkurransar der fleire spelarar må samarbeide for å vinne premiane. Dette er svært populært, og det skaper mange nye vennskap.

Spelentusiastane kan sjå fram til eit sosialt og inkluderande dataparty frå og med tysdag 6. oktober til laurdag 10. Oktober.