Truls Håbakk i Hareid Framstegsparti tek gjerne på seg ordførarvervet for dei neste fire åra i Hareid.

– Kvifor bør du bli ordførar?

– Eg meiner personleg me ahr ein politikk som er til det beste for Hareid på lengre sikt. Framstegspartiet har vore tydeleg heile vegen på kva me meiner. Me er ikkje det største partiet, men det blir no ei forhandlingssak kven som blir ordførar, svarer Håhakk til lokalavisa.

Etter brotet i forhandlingane mellom fleirtalskoalisjonen, lanserer han seg sjølv som aktuell. I Sunnmørsposten stod det at det tysdag kveld skulle vere eit møte mellom alle partia som kom inn i kommunestyret for å finne ei løysing, men det vart ikkje noko av dette møtet.

– Frp har sondert terrenget både internt og med andre, men det har ikkje vore noko møte, seier Håbakk.

– Blir det eit møte?

– Eg meiner me må ha tettare dialog. Me skuldar veljarane våre å finne ei snarleg løysing. Dei folkevalde er arbeidsgjevarar for dei tilsette, og dei fortener også å få vite kven som skal styre dei, svarer Håbakk utan at han har nokon ny dato for eit slikt møte.

– Men de rekk å bli samde før 15. oktober?

– Ja, det må me greie, slår han fast.