At Hareid Arbeidarparti, Hareid Venstre og Hareid Kristelege Folkeparti tysdag sende ut pressemelding om at dei hadde borte avtalen med Folkelista for Hareid kommune, var ei lokalpolitisk bombe. Avtalen mellom dei fire partia hadde gjort Kristian Fuglseth (Folkelista) til ordførar.

No ei veke før det konstituerande kommunestyremøtet, er det uvisst kven som blir ordførar.

Framstegspolitikar Truls Håbakk uttaler til Sunnmørsposten at han er klart til å rydde opp i rotet på Hareid, ta på seg ordførarvervet - og vere raus.

Håbakk si utsegn om å vere raus, botnar kanskje i ein tanke om at koalisjonen mellom Arbeidarpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Folkelista ikkje ha vore rause nok under forhandlingane dei siste dagane.

Men dette avviser Kristian Fuglseth.

Strid om varaordførarlønna

Kjelder som vikebladet.no har snakka med, men som vil vere anonyme, hevdar at det som til slutt fekk koalisjonen til å bryte saman, var spørsmålet om varaordførarlønna. Sitjande varaordførar Dag Audun Eliassen (Folkelista) gjekk på eige initativ ned frå 20 prosent av ordførarlønna til 10 prosent, midt i førre periode.

Eliassen skal ha vore aktiv under forhandlingane dei siste dagane, og Folkelista skal ha stått på at varaordføraren skulle ha 1o prosent av ordførarlønna.

- Eg vil ikkje kommentere noko frå forhandlingane. Sanninga vil nok kome fram ein dag, svarar Kristian Fuglseth, og legg til:

- I dag skal vi på kurs for folkevalde. Eg har tatt meg fri frå jobb, og intensjonen vår er å føre Hareidspolitikken eit steg vidare. Vi i Folkelista kjem heilt sikkert til å ta oss ei diskusjonsrunde internt, og vi kjem nok til å snakke med politikarar frå andre parti også i løpet av dagen og kvelden.

Fuglseth påstår at han ikkje har noko form for panikk.

- Konstitueringa er 15. oktober, og ein eller annan blir ordførar. Det er i alle fall sikkert, seier han.

Dei folkevalde i Hareid er i dag samla til opplæring ved Melshorn Hotell på hareid.