Ingjerd understrekar at det er mykje å glede seg over i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

- Men sett med maritime brille er det også fleire tiltak vi saknar i ei krevjande periode for næringa.

Ikkje ambisiøse nok på grøn skipsfart

- Vi saknar først og fremst kraft i satsinga på grøn skipsfart. Dette var eit hovudtema då regjeringa la fram den martime strategien sin før ferien. Vi var svært glade for at regjeringa ville innføre vrakpantordning for miljøfornying av gamle skip, og kombinere dette med innovasjonslån. Men løyvinga på 12 millionar kroner i vrakpant og 28 millionar til innovasjonslån framstår som llitt lite ambisiøst samanlikna med andre satsingar i statsbudsjettet, kommenterer Ingjerd

Maritimt forum Nordvest og fleire andre har foreslått tiltak for å fremje det grøne skiftet i maritim næring, eit skifte som vil kunne føre til auka aktivitet og betre miljø. Det er foreslått meir gunstige finansieringsordningar for nybygg og miljøteknologi som kan stimulere til ei naudsynt fornying av eldre ferjer og kystfraktefarty. For å stimulere til private investeringar i slik teknologi er offentleg drahjelp avgjerande, til dømes gjennom gunstige låneordningar.

- Ei slik miljøfinansieringsordning står det ikkje noko om i statsbudsjettet. Regjeringa leverer heller ikkje på insentiv for auka utvinning, slik dei har peika på i eiga regjeringsplattform. Vi saknar også ei betring av permitteringsreglane, seier Ingjerd.

Positive tiltak

Men han finn saker å glede seg over:

- Regjeringa vil utvide Skattefunn og styrke Forskingsrådet sitt største program for næringslivet.

- Regjeringa vil auke løyvingane til arbeidsmarknadstiltak, inkludert tiltak for bedriftsintern opplæring.

- Regjeringa vil redusere selskapsskatten og gi nokre små letter i formueskatten.

- Regjeringa foreslår å prisjustere tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk (nettolønnsordninga).

Saknar tiltak til maritim forsking

- Det er altså mykje positivt på lista, men vi saknar spesifikke tiltak til maritim forsking. Dette blei redusert i 2015, og det ligg ikkje inne nokon auke for neste år. Vi hadde også sett at formueskatten vart fjerna.

- Maritimt Forum er nøgde med prisjusteringa i Nettolønnsordninga, men hadde ønska at taket for petroleumsskip i NOR vart oppheva på same måte som for kystfarta og utanriksferjene i NOR. No prisjusterer regjeringa refusjonsordninga for petroleumsskip i NOR, noko som er bra, men ikkje godt nok når hundrevis av sjølfolk blir sende i land frå offshoreskip som blir eigde og drivne av lokale reiarar, kommenterer leiaren for Maritimt forum Nordvest.