Det vart i går klart at det var brot i forhandlingane på Hareid. Venstre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti oppheva avtalen dei hadde inngått med Folkelista. Dei fire partia hadde inngått ein fleirtalskoalisjon og blitt samde om at Kristian Fuglseth (Folkelista) skulle blir ordførar, Annika Brandal (Venstre) varaordførar.

Men no er det uklart kven som blir konstituert som ordførar for Hareid kommune på kommunestyremøtet torsdag 15. oktober, altså neste veke.

Truls Håbakk (Framstegspartiet) seier i dagens Sunnmørsposten at han er klar til å bli ny ordførar. Han vil vere raus og rydde opp i rotet, og meiner sjølv han er det beste alternativet.

Riise er også klar

– No som avtalen er broten er eg ordførarkandidat, seier Anders Riise til Vikebladet Vestposten. Det har han i grunnen vore heile tida. Før brotet mellom dei fire partia vart kjent, hadde Høgre tenkt å fremje Anders Riise som ordførarkandidat for kommunestyret, sjølv om dei då truleg ikkje hadde fått fleirtal. Men no er det ingen fleirtalskoalisjon, og alt kan skje.

– Har de teke kontakt med andre parti for å få til ein koalisjon, etter brotet var kjent?

– Nei, no får me sjå kva som skjer. Det er mykje som skal på plass. No prøver me å få ei oversikt over situasjonen og finne ut kvifor det vart brot, svarer Riise.

– Vart du overraska over at det vart brot i forhandlingane?

– Ja, det vart eg.

På Melshorn Hotell er det i dag og i morgon opplæring av dei nye folkevalde. Den uklare ordførarsituasjonen på Hareid set nok ein ekstra spiss på pausane.