Gjerdsvika er med i finalen til Telenor for å få 4G-fart og dekning frå Telenor i 2016. Det er no tre bygder i kvart fylke som tevlar om å bli den eine bygda i fylket som vil få denne utbygginga.

Det er oppretta ei eiga side på Facebook som heiter #4GtilGjerdsvika. På denne sida og på Instagram legg gjerdsvikarane ut bilete for å illustrere kor viktig det er for dei å få raskare nettilgang til bygda. Her er alt frå kakebord, til vakre solnedgangar, yogavideoar til næringsliv og rånarar.

Siste biletet er at Knut Nærum som held opp ein plakat om at han ønskjer 4G til Gjerdsvika, han veit ikkje kvifor, berre at det er viktig.

I føremiddag kommenterte Telenor Norge inne på sida og skreiv at Gjerdsvika har ein av dei beste #4Gtil...-sidene i Noreg.

Frå 21. september til 31. oktober vil juryen med mellom andre Telenor Norge-sjef Berit Svendsen og fartsspesialist Aksel Lund Svidal vurdere engasjementet til finalistane. Og den 5. november vil dei kåre ein vinnar i kvart fylke.