Onsdag denne veka vart det gjennomført arkeologiske undersøkingar på Gåsneset i Ulstein med bakgrunn i at kommunen ønskjer å opprette ein parkeringsplass på austsida av fylkesvegen.

Les også: Parkeringsplass på Gåsneset

Ulstein kommune sine nettsider har dei torsdag oppdatert ei sak om parkeringsplassen, og kommunen har fått melding frå arkeolog Øygunn Kleiva om at det ikkje har blitt gjort funn på staden, og at kommunen difor kan gå vidare i arbeidet med parkeringsplass.