I samband med klargjering til avgiftsparkering i Hareid sentrum blir det grave og planert på Bankplassen utanfor Hareid folkebibliotek.

Det skal også asfalterast, og jobben er nok ikkje ferdig før godt ut i neste veke.

- Biblioteket er ope med vanlege opningstider så lenge arbeidet gjeng føre, men slik tilhøva er no er det umogleg å komme seg til biblioteket med rullestol og det er heller ikkje lett for dei som er dårleg til beins.

Biblioteket sin hovudinngang er alltid open, men der er altså ikkje alltid like lett å kome seg inn, ei heller til fots, og parkeringsplassen er heilt stengd.

Inngangen på sjøsida av Hareid rådhus vil vere ope og ein kan kome seg til biblioteket via den inngangen i løpet av Rådhuset sine opningstider. Ein kan også kome seg ned til biblioteket via hovudinngangen til Rådhuset, opplyser bibliotekleiar Anne Vasstrand.

- Parkeringstilhøva er heller ikkje gode. Det er ikkje lett å finne parkering i nærleiken av biblioteket.  På kvardagar er det nok greiast å finne parkering på parkeringsplassen på oppsida av Rådhuset, tipsar Vasstrand.