Etter Ullensvang køyrde rett i ferjekaia i går tidleg, på grunn av at ein motor slo seg, ut, vart ferja teken ut av drift på sambandet Hareid-Sulesund.

Så no er det to ferjer som trafikkerer sambandet, Tidefjord og Høgsfjord.

Inge Andre Utåker i Norled har ingen dato for når Ullensvang er tilbake i drift, men reknar med at det blir onsdag neste veke. Derimot kan kan fortelje at dei har leigd inn ein båt.

- Så i løpet av morgondagen vil det igjen vere tre ferjer som trafikkerer Hareid-Sulesund, fortel han.

Han veit ikkje når på dagen båten frå Molde dukkar opp.