Sidan 2002 har ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune delt ut midlar til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Dei fordeler tilskot to gonger årleg, med ei økonomisk ramme på 250 000 til saman.

- Ved å gi ut øyremerka midlar til ungdom og ungdomsaktivitetar, håper vi at vi kan få fram spanande prosjekt som er med på å skape engasjement i ungdomsmiljøet. Midlane kan mellom anna brukas til å setje i gang nye prosjekt, og dei kan vere eit verkemiddel som betrar muligheitene for dei uorganiserte aktivitetane, seier UNG-koordinator Ingeborg Forseth.

Opp igjennom åra har midlane til dømes vore med på å realisere aktivitetar som paintballbane på Smøla, tilskot til Valldal summer games, kreativt skrivekurs for ungdom på Averøya, gapahuk på Sekken, og støtte til fleire ungdomsklubbar, LAN-samlingar og konsertar rundt om i fylket.

- Vi veit at midlane kjem godt med når ungdommar, eldsjeler og frivillige saman krummar nakken for å lage eit tilbod i nærmiljøet sitt. Vi trur at sidan det er ungdom som sjølv fordeler midlane, så har dei ein nærare kunnskap og forståing for kva behov ungdom rundt i fylket har, avsluttar Forseth.

Tilskotet blir gjeve til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement og skal gå til ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.

Alle søknader må sendast inn elektronisk. Det må leggast ved eit enkelt budsjett og ein kortfatta og enkel skildring prosjekt. Skjema finn du på www.ungweb.no og søknadsfristane er 1. april og 1. desember kvart år.