Dei første innslaga i Hareidsstemna 2015 blir avvikla i dag fredag. Men alt i går var stemnestyret i sving med å rigge til Hareidhallen, der de fleste store arrangementa skal vere.

Det vart hengt opp svarte dukar på langsidene og lagt golvdekke som stolar og amfi skal stå på. I dag skal scenen og tekniske installasjonar på plass. I dette arbeidet vil ei bl. a. ei rekke ungdomar frå asylmottaket på Hareid hjelpe til.

Den offisielle opninga av Hareidsstemna skjer i samband med opninga av Klare Susanne Grimstad Angelskår si kunstutstilling i Galleriet i Kjøpmannsgata laurdag ettermiddag. Men alt fredag kveld står tre arrangement på kartet: Opning av ei amatørutstilling på Melshorn Hotell, polarkveld på Ishavsmuseet og konsert med Ronald Øvrelid & Moneymakers på Melshorn Hotell.

Tidleg på laurdag syng - tradisjonen tru - Hareid blandakor under blomenedlegginga ved Johan H. Grimstad-bysta - og om kvelden blir det konsert i Hariedhallen med Gollj & Gråstein og Frid & Glede.

Etter gudstenesta søndag er det opning av utstillinga "Fantekunst" på Trudvang - og om kvelden "Gla'konsert" i Hareidhallen med Hjørungavåg Brass, som har fått med seg Trygve Sætre og Stine Nilsen som solistar og Ørjan Liavåg og William Støylen som programleiarar.