I midten av november, kanskje også tidlegare, opnar Æra herreklebutikk opp i flunkande nye lokale på Sjøsida i Ulsteinvik.

Johannes Christian Riise blir dagleg leiar i Æra.

Riise er også dagleg leiar av T. Riise på Hareid, og han avviser at butikken på Hareid skal leggjast ned.

- T. Riise på Hareid har nyst fylt 59 år. Eg er tredje generasjon som driv denne butikken, og vi har planar om å feire både 60-årsjubileum og meir til på Hareid, svarer han.

Harald Åsland Riise styreleiar i Æra, og Johs. Christian Riise og Aleksander Håskjold er oppført som styremedlemer.

Johs. Christian Riise opplyser at tanken er at han sjølv skal bruke ein god del tid på Æra.

- Æra kjem til å bli eit litt anna konsept enn T. Riise på Hareid. Vi får eit stort og heilt moderne lokale, og utvalet vil bli utvida med både sko og anna utstyr som er naturleg for herrar.

Sjølv om det no er nedgangstider i maritim industri, meiner Johs. Christian Riise det i Ulsteinvik dei siste åra har utvikla seg ein dynamikk som gjer det interessant å drive butikk der.