Etter at vikebladet.no la ut ei sak om eit underleg blått lys som har vore observert virrande rundt på himmelen «mellom Ulsteinvik og Sørbrandal»  dei siste dagane, har det kome inn mange tips.

Dei aller fleste slår fast at det kjem frå LAN-samlinga (ei t data-party) som er på Hasund skule no i haustferien. Konklusjonen er at lyset har utgangspunkt i ein laserlyskastar som står ved sida av Straumane/Spar i Hasund. Lyset har virra over himmelen heile  veka.