Inge Andre Utåker i Norled sa onsdag ettermiddag til Vikebladet Vestposten at det i løpet av fredag vil kome ei tredje ferje til å traffikere sambandet Hareid-Sulesund, ferja frå Molde vil vere vikar for Ullensvang som truleg kjem tilbake onsdag. Ullensvang har vore ute av drift og til reperasjon sidan onsdag morgon, då ho kolliderte med ferjekaia i Sulesund, etter propellen slo seg ut.

Kvart over to i ettermiddag ringjer fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde Vikebladet Vestposten for å opplyse om at Norled ikkje har fleire dagar å gå på med å ha ferjer ute av drift. Ho legg til at det heller ikkje er slik at dei kan vente med å setje inn ei ferje når ei er ute av drift, ho skal setjast inn umiddelbart, meiner fylkesvaraordføraren.

– No har Norled brukt opp dagane sine. Det var 21 dagar dei kunne skifte ut ei ferje med ei anna, seier ho. Førebels har det ikkje kome noko ferje i dag, og det byrjar bli lange køer på ferjeleiet med bilar som vil over fjorden, fortel ho.

– No sit Statens Vegvesen klare og skal lage sanksjonar. Vegvesenet er kontraktsutøvar og vil setje inn hard skyts for å få løyst situasjonen, varslar Gjerde.

– Det er heilt uhaldbart. Ullensvang taklar ikkje sambandet. No må me få ei ending på dette før vinteren set inn, avrundar ho.

Følg ferja på ferda

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til er det bilferja Sogn som er på veg til Hareid. Ho tar 110 personbilar og er bygt i 1982.

Her kan du følgje ferja på ferda sørover til Hareid.

MF Sogn er på veg til Hareid for å vere vikar for Ullensvang. Foto: Fjord1