I dag laurdag vart B/F «Sogn» sett inn i sambandet Hareid-Sulesund som reserveferje for B/F «Ullensvang», som er til reparasjon etter at ein propell slo seg ut og ho køyrde ukontrollert inn i ferjelemmen på Sulesund denne veka.

B/F «Sogn» er ei Fjord1-ferje, som tek 110 personbilar og er bygd i 1982.

Laurdag er situasjonen den at B/F «Tidefjord» og B/F «Sogn» trafikkerer sambandet, medan B/F «Høgsfjord», som er reserve- og C-ferje i sambandet, ligg på sin faste plass ved ytre molo på Hareid.

Det er ikkjekjent når B/F «Ullensvang» er på lass igjen.