Den første dagen i sambandet Hareid-Sulesund vart ingen suksess for bilferja "Sogn".

På turen frå Sulesund klokka 15.30 laurdag gjekk det gale.

Bilane var i ferd med å køyre om bord då luka som skal opne for bilar i underetasjen, brått kom opp. Bobilen, som kom køyrande om bord, hadde ikkje sjanse i havet til å stoppe, og vitne fortel at han vart temmeleg inntrykt i fronten.

- Bobilen sperra dermed for bilane som kom etter, og dei kunne dermed ikkje dirigerast om bord. Dei vart ståande ein halvtime ekstra på Sulesund, fortel eit vitne som vil vere anonym.

"Sogn" køyrde til Hareid og slapp på land alle bilane kl. 16.00, unnateke bobilen, som etter det vi forstår vart verande om bord i ferja.

- Både mannskap og passasjerar forheldt seg rolege, og eg hadde ikkje inntrykk av at nokon vart skadde, fortel vitnet.

Ullensvang rett i ferjeleiet: