Ytre Søre Demensforeninga klarte å samle inn vel 430.000 kroner under Demensaksjonen 2015. Summen er for dei fem kommunane til saman.

I Ulstein vart det samla inn vel 90.000 kroner, i Hareid vel 68.000 kroner.

– Vi er svært nøgde med resultatet. Både i Ulstein og Hareid er det betre enn i fjor. Vi vil takke alle som har gitt, og sjølvsagt også alle bøsseberarane, seier Arnhild Warholm i Ytre Søre Sunnmøre Demensforening.

Av dei innsamla pengane går 70 prosent til forsking på demenssjukdomar, medan 30 prosent går tilbake til kommunane. Dermed blir det ein pen sum både til Hareid og Ulstein.

Desse pengane skal brukast til trivselstiltak blant folk med demenssjukdomar.