- Eg las ein plass at viss du driv og målar, så skal du stille ut, om så det er i skogen. No byr vi på oss sjølve, og vi er spente på korleis publikum vil like kunstverka våre, sa Alf Rise under opninga.

Alf Rise, Bente Mork Blindheim og Ingunn Haddal har gått saman i ein måleklubb dei siste fire åra. Klubben møtest kvar 14. dag på Eiksund grendahus, og dei er totalt 8 medlemer.

- Men sidan det er vi tre som er frå Hareid, tenkte vi at det passa  at vi tre stilte ut saman her på Melshorn Hotell, sa Alf Rise under opninga på Melshorn Hotell fredag ettermiddag.

Ein god flokk hadde møtt fram for å vere med på opninga.

Dei tre kunstnarane stiller ut femten bilete kvar, og alle er måla med acrylmåling.

Uttrykka til dei tre kunstnarane er ulike. Alf Rise og Bente Mork Blindheim sine bilete er fargesterke, medan Ingunn Haddal sine er haldne i litt meir duse fargar.

- Men vi er alle opptekne av linjeføring og harmoniar, forklarer Alf Rise.

Bente Mork Blindheim og Ingunn Mork er begge utdanna aktivitørar, og har lært ein god del om form og farge.

Alf Rise er i utgangspunktet snikkar, men trur ikkje interessa for maling har så mykje med det å gjere. Han har teikna i mange år.

Utstillinga er open kvar dag, til og med laurdag i neste veke.

Kunstnarane vil vere til stades ettermidagane.

Klare Grimstad Angelskår si utstilling opnar i dag

I dag. laurdag,  opnar Hareid kunstlag si  Hareidsstemneutstilling med bilete av Klare Susanne Grimstad Angelskår. Det skjer i det gamle bygget til Hareid Elektriske i Kjøpmannsgata. Kanskje det vil vere ein ide å besøke begge utstillingane når ein først er i området. Det er ikkje kvardagskost med to kunstutstillingar i ein radius på 150 meter på Hareid.