– Den verkelegheita olje og energiminister Tord Lien viser til passar godt til det vi no ser som skjer på landsplan. Kortsiktige grep, som den tunge satsinga på vedlikehald, mellom anna på vegane i landet vårt, er viktig. Samferdsel er eitt av dei store viktige punkta for oss. At ein får redusert etterslepet på samferdsel er veldig bra, seier NHO-president Tore Ulstein.

Men, Tore Ulstein og søstera Gunvor er ikkje spesielt nøgd med regjeringa sin vilje til å støtte norske private eigarar.

– Reduksjonen i selskapsskatten er på rett veg, frå 27 til 25 prosent. Det vil auke investeringane i privat næringsliv. Vi er sjølvsagt noko skuffa over den støtta norske private eigarar får. Dei er veldig viktige i regionen og i store delar av landet elles. Her synast vi dei kunne teke meir i. Då gjeld det formuesskatten, som no blir redusert frå 0,85 til 0,80 prosent, men vi kunne tenkt oss ein større reduksjon. Med så tøffe tider som vi no er inne i hadde det vore godt å fått behalde litt meir pengar i bedrifta, for å kunne investere for framtida, seier Ulstein.

Han vel samstundes å rose regjeringa for satsinga på forsking, utvikling og utdanning.

At Ulstein-søskena og fleire andre private norske eigarar er utolmodige, har olje- og energiminister Tord Lien forståing for.

– Men eg har også lyst til å minne om at denne regjeringa har fremja forslag om å redusere formuesskatten dei tre siste statsbudsjetta, seier Lien.

Vil konkurrere på like vilkår

Kjersti Kleven, Kleven-styreleiar og tidlegare styreleiar i Norsk Industri, følgde også med på framlegginga.

– Generelt var det mykje bra. Det er eit ekspansivt budsjett. Samferdselssatsinga er veldig bra. Det dei gjer på skatt er positivt, men eg hadde sett at dei kutta meir i formuesskatten. Den er ei konkurranseulempe for norske eigarar. Vi vil konkurrere på like vilkår. At dei kuttar bra i selskapsskatten skal dei ha ros for. Norge kan ikkje ha eit skattenivå som skil seg vesentleg frå utanlandske skattenivå, seier Kleven.

Kleven-eigarane tok ut utbytte for i fjor, men det gjekk ikkje i eigne lommer.

– Vi tok ut eit utbytte som berre går til betaling av formuesskatten. Det er skatt på utbytte, så vi måtte ta ut nok til dette også. Det vesle kuttet i formuesskatten hjelpte ikkje så alt for mykje, men vi får sjå kva som kjem ut av skatteforhandlingane, seier Kleven.

– Tiltaka som er retta mot vår sektor er positive. Satsinga på grøn teknologi, og auka innovasjons- og forskingsmidlar er positivt. Fornying av ferjeflåten, og om det blir aktuelt kunne ein derimot vore meir tydelege på, seier Kleven.