- No har vi begynt å drikke midt på dag også, smiler Mary Brandal - og hevar sjampanjeglaset.

Brandal er busett ved Hareid sjukeheim, og var ei av mange som tysdag føremiddag hadde funne vegen til Vinterhagen for å vere med på innviinga av den nye "looken" i vinterhagen.

Kjøkenet ved sjukeheimen hadde sytt for kanapear, jordbær med sjokolade, mykje anna småsnadder - og alkoholfri sjampanje.

- Så pass bør det vere når dei tilsette ved Ekornes Hareid  kjem for å sjå kor flott julegåva deira riggar, kommenterer einingsleiar Monica Skeide Småge.

Større trivsel

Det var før jul i fjor dei tilsette ved Ekornes Hareid bestemte seg for å ikkje ta imot julegåve frå arbeidsgjevaren sin. Dei ville heller at Ekornes skulle gje pengar til Hareid sjukeheim, til ein verdi av 100.000 kroner.

- Eg fantastisk gåve. Og vi fekk beskjed om at vi stod fritt til å bruke midlane til det vi ville, fortel Monica Skeide Småge.

Valet fall på ei oppgradering av Vinterhagen. Møblane der var overmodne for utskifting, og har det siste året blitt brukt av færre og færre.

- Vi har 35 omsorgsleilegheiter her ved Hadartun. I tillegg er det mange av dei som bur på Brekkebakken som likar å ta turen innom Hadartun. Med nye sofaer og Stressless-stolar har her blitt mykje trivelegare. Så dette er eit tiltak for å få opp den sosiale aktiviteten, kommenterer einingsleiaren.

Solskjerming i taket

Men ikkje nok med det. Dei tilsette ved Ekornes har også lova å hjelpe til med å henge opp 140 meter med stoff i taket.

- Det vil både dempe for sola og gjere akustikken i rommet betre, forklarer Småge.

Anne Mari Smoge, tilsett ved Ekornes på Hareid fortel at stoffet ikkje er kome enno, men at det er i lyst lin, og vove på ein slik måte at lyset vil bli silt gjennom teppet, utan at sola får ta for kraftig.

- Her har blitt fantastisk fint. Møblane vi hadde før utskiftinga var både skitne og slitne, slik dei naturlegvis blir etter mange år med hard bruk, kommentrer Gudrun Hareide.

- Gode å sitje i

- Stolane er svært gode å sitje i, fortel Lars Mork, som bur ved Hadartun.

Totalt har Hareid sjukeheim fått 8 sofaer, alle sydde ved fabrikken på Hareid, og ti Stressless-stolar.

Møblane er fordelte mellom Vinterhagen og dagsenteret for eldre.

- No håper vi dei som bur ved sjukeheim, i leilegheiter ved Hadartun og andre gjester, vil bruke Vinterhagen meir. Då blir vi glade, kommenterer Oddrun Fjørtoft, tilsett ved Ekornes Hareid.

Anne Mari Smoge, Ekornes Hareide, Berit Steffensen, staylist hos Ekornes, Oddrun Fjørtoft og Aslak Hestholm frå Ekornes Hareid saman med einingsleiar Monica Skeide Småge.