I desse dagar blir tertialrapporten for 2. tertial lagt fram i Ulstein kommune. Denne rapporten seier noko om kommunen greier å halde budsjetta sine.

Her kjem det fram at kommunen får 8,4 millionar meir enn budsjettert, men av erfaring veit kommunen at meirinntekta blir utjamna gjennom rammetilskot. I tillegg er arbeidsmarknaden ustabil, og arbeidsløysa vil auke framover, så dei tør ikkje oppjustere inntektssida i budsjettet.

På grunn av at kommunen har vedteke å ta imot fleire flyktningar, vil dei få ei meirinntekt på 2,5 millionar kroner. Rådmannen føreslår å setje av 1,3 millionar av desse kronene til NAV – Økonomisk sosialhjelp.

Det kan sjå ut til at kommunen kjem til å bruke 1,4 millionar meir enn budsjettert til folkevalde og sentraladministrasjon dette året. Det blir sett iverk tiltak for å avgrense avviket, mellom anna ved å spare på vikarbruk.

Saka skal opp for formannskapet tysdag 13. oktober, og teknisk utval onsdag 14. oktober.