Det største forbundet til LO i privat sektor ber om at lønsplikta til arbeidsgjevar under permisjon blir redusert samtidig som den maksimale dagpengeperioden blir auka frå 30 til 52 veker. Grepet skal hindra oppseiingar i bedrifter som slit. Unntaksreglane blei innført i 2009 for å demma opp for følgjene av finanskrisa.

Kravet har støtte frå Arbeidarpartiet, men regjeringa har til no avvist å utvida permitteringsordninga.

Arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) kom ikkje inn på permitteringsreglane då han måndag talte til landsmøtet til Fellesforbundet, men blei kraftig utfordra på temaet av fleire delegatar i debatten som følgde.

Eriksson blei også sterkt kritisert for endringane i arbeidsmiljølova som opnar for fleire mellombelse tilsetjingar i tillegg til forslaget om søndagsopne butikkar. Men då han slo fast at reglane om allmenngjering av tariffavtalar burde fastsetjast i Noreg og ikkje i Brussel, fekk han rungande applaus frå delegatane. Spørsmålet om Noreg bør seia opp EØS-avtalen er ein av dei mest brennbare sakene under landsmøtet.