Totalt vart det omsett 115 eigedomar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande i løpet av den siste månaden. Det er ein klar oppgang frå september då 79 eigedomar skifta eigar i dei fire kommunane.

Både Herøy og Ulstein har fleire omsette eigedomar i oktober enn i september, og i Hareid er talet på omsette eigedomar meir enn dobla i løpet av ein månad. I september vart det gjennomført åtte eigedomstransaksjonar i Hareid, medan talet var 22 i oktober. Også Sande har ein liten oppgang frå ni til 11 omsette eigedomar i oktober.

Spesielt for Ulstein denne gongen er at heile 19 av eigedomane som har skifta eigar ligg i bygget på austsida av nye Høddvoll.

Les også: Liten oppgang i september

Les også: Færre eigedomar skifta eigar

Les også: Fleire dyrare eigedomar

Les også: Oppsving i juni

Les også: Herøy omsette mest i mai.

Les også: Sjå alle eigedomane som er selt sidan 2005.

Les også: Her er dei dyraste bustadane.

Les også: Heitast i Ulsteinvik

Les også: Fritidsvinnarar på Sandsøya

Les også: Desse vart selde

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.

Har god utsikt til Hødd sine treningar. I løpet av oktober skifta 19 leilegheiter og forretningseigedomar eigar i Høddvoll panorama.