Kristian Kobbenes Starheim, opphavleg frå Ulstein, fekk 28. oktober vite at han som ein av tre forskarar får Kreftforeningen sitt karrierestipend på over 2,8 millionar kroner. Eit stipend han byrjar å nytte allereie over nyttår, då han flyttar tilbake til Norge for å jobbe med forsking ved NTNU. – Eg håpar undersøkingane mine kan opne for meir effektive og betre kreftbehandlingar, seier Starheim. (Foto: Privat.)

Kristian Kobbenes Starheim, opphavleg frå Ulstein, fekk 28. oktober vite at han som ein av tre forskarar får Kreftforeningen sitt karrierestipend på over 2,8 millionar kroner. Eit stipend han byrjar å nytte allereie over nyttår, då han flyttar tilbake til Norge for å jobbe med forsking ved NTNU. – Eg håpar undersøkingane mine kan opne for meir effektive og betre kreftbehandlingar, seier Starheim. Foto: Privat.

Makrofagar har ete bakteriar (blå), og bakteriane vert registrert av signalprotein (raudt og grønt) som set i gong immunforsvaret. Desse proteina kan vere viktige i kreftbehandling. (Foto: Kristian Kobbenes Starheim.)

Makrofagar har ete bakteriar (blå), og bakteriane vert registrert av signalprotein (raudt og grønt) som set i gong immunforsvaret. Desse proteina kan vere viktige i kreftbehandling. Foto: Kristian Kobbenes Starheim.

1 / 2

Ulsteinvikar fekk 2,8 millionar forskingskroner

Kristian Kobbenes Starheim (33) frå Ulsteinvik fekk nyleg eit forskarstipend på over 2,8 millionar kroner frå Kreftforeningen, til forsking som han vonar kan betre blodkreftbehandlinga.

– Det er ei stor ære og eit stort ansvar, seier Kristian Kobbenes Starheim.

Kristian kjem opphavleg frå Ulstein, men bur i skrivande stund i Boston i USA, der han er gjestande forskar ved University of Massachusetts Medical School. Han er postdoktor med utdanning frå Universitetet i Bergen, og har deretter jobba ved NTNU.

28. oktober vart det klart at han no er ein av tre forskarar ved NTNU som får karrierestipend på 2.816.902 kroner frå Kreftforeningen. Pengane som Kreftforeningen gir er samla inn av privatpersonar.

– Eg vil takke alle som har donert til Kreftforeningen både gjennom Krafttak for Kreft og elles. Pengane eg har fått skal gå til å undersøke korleis immunforsvaret kan påverkast for å betre blodkreftbehandlinga, skreiv Kristian Kobbenes Starheim på sin Facebook-konto etter utdelinga.

Vil undersøke mekanismar

No flyttar han tilbake til Norge og Trondheim for å jobbe med kreft ved Institutt for kreftforsking og molekylær medisin ved NTNU frå nyttår av. Kristian fortel til Vikebladet Vestposten at han vil forske på immunforsvaret.

– Immunforsvaret er eitt av kroppen sine naturlege forsvar mot kreft. Det registrerer framandlekamar som bakteriar og virus, samt celler som muterer og endrar seg. Slik vert dei fleste cellene som utviklar krefteigenskapar bli raskt oppdaga. Dei etast deretter opp av «eteceller», som heiter makrofagar, seier Kristian og legg til:

– Men nokre kreftceller kan omprogrammere denne immunresponsen. Vi byrjar no å forstå korleis immunforsvaret speler inn i kreftutvikling, men det er framleis mykje som er ukjent. Det store spørsmålet er om vi kan nytte immunforsvaret til å overvinne kreft? Kan ein til dømes klare å omprogrammere cellene i ein kraftsvulst frå kreftstimulering tilbake til ete-funksjonen?

Det er nettopp dette Kristian no får høvet til å gjere, med solid finansiering i ryggen.

– Gjennom det treårige forskarstipendet eg no har fått, får eg sjansen til å undersøke desse mekanismane, seier Kristian Kobbenes Starheim.

 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Eigedomstransaksjonar

Desse vart selde i februar

Herøy trekk opp snittet på ytre Søre.

Her er dei dyraste eigedomane i 2016

Nedgang i talet på eigedomar som gjekk for meir enn 4 millionar kroner frå 2015 til 2016.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Lagar felles kystsoneplan

Fem kommunar har gått saman.

Roar Brekke på Sans Pub:

Latterbrøl i vente

I morgon, laurdag showar standupkomikaren Roar Brekke på Sans, Hareid.

Døypte den første Maersk-båten

Peter Jacobsen i Maersk rosa det gode samarbeidet som er mellom Kleven og Maersk.

Kan ikkje kjøpe, men leige

Ulstein kommune kan likevel ikkje kjøpe parkeringsplassar i parkeringsanlegg av Rome AS.

Badr Rahhaoui er klar for Hødd

19-åringen har signert for dei blåkvite.

Offshore er ikkje lenger størst

Tradisjonell shipping er no større enn offshore. Det viser tal frå Rederiforbundet sin årvisse konjunkturrapport.

Nærmar seg Hødd

Angripar kan bli klar innan kort tid, og kanskje er fleire aktuelle til laurdagens treningskamp mot Førde.

Markert nedgang i februar

I februar fekk Nav varsel om 1.450 moglege oppseiingar og permitteringar. Det er det lågaste talet sidan desember 2014.

Sogndal filmfestival:

«The Letter» vann fire prisar

Heile fire prisar kunne regissør Simon Gjerde Tonev og dei andre aktørane som har laga filmen «The Letter» ta med seg heim frå Sogndal.

Kort innhopp i 3-0 siger

G17-landslaget tok eit langt steg mot EM-sluttspel.