Søskena trur begge at pappa Idar Ulstein hadde vore særs stolt av den nye båten, med hans namnetekke på.

- Far var veldig oppteken av beredskap, han hadde vore særs nøgd med denne redningsskøyta. Han hadde vore som ein liten unge, som ville trykt på alle knappane og prøvd alt om bord. Han hadde verkeleg storkosa seg, sa Tore Ulstein til eit samla pressekorps om bord i RS "Idar Ulstein".

- Han var veldig opptekne av at vi borna også lærte oss kart og navigasjon, og det å ha fokus på tryggleik når vi er på sjøen. Båten kan få problem, og då må ein vite kvar ein er, og korleis ein kan få komt i kontakt med Redningsselskapet, seier Gunvor Ulstein og legg til:

- Han hadde nok sikkert også bede Tore om å slengje seg ut i, slik vi fekk prøve å hente han opp.

Derimot var det Gunvor sjølv som ville teste ferdigheitene til mannskapet under dagens prøvetur.

- Dette var då friskt og godt, sa Gunvor Ulstein då ho hadde hoppa ut i havet.

Sjå video: Ulstein-søskena på prøvetur med RS "Idar Ulstein"

Særs nøgd skipsførar

Skipsførar og øvstkommanderande om bord er Knut Hveding. Han har lang fartstid i Redningsselskapet, og er særs nøgd med denne flunkande nye båten. Swede Ship Marine i Göteborg har bygd den, og RS «Idar Ulstein» er den første redningsskøyta i ei heilt ny klasse, Ulstein-klassen. Målet er at denne klassen gradvis skal erstatte Skomvær-klassen.

- Denne båten er spekka med det nyaste og beste av teknologi. Vi kunne ikkje vore meir nøgde med dei arbeidsverktøya vi har no, seier Hveding.

Les meir i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.