I morgon, tysdag 17. november, blir det opning av Ulstein Fjernvarme sitt anlegg. For første gong vil det strøyme vatn gjennom røyra og havet vil bli brukt til å varme opp bygg i Ulsteinvik. Ordføraren i Ulstein kommune, Knut Erik Engh, og styreleiar i Ulstein Fjernvarme AS, Erik Andreassen, skal opne anlegget.

Sentrum for morgondagens hendingar er det splitter nye femetasjars kombinasjonsbygget Sjøsida 1 med bustad og næringsareal. I kjellaren ligg hovudsentralen for sjøvarmeanlegget, som er tilknytt sjøinntaket i hamnebassenget utanfor. Med oppstart av den første energisentralen i anlegget, som også ligg i Sjøsida 1, er anlegget formelt sett i drift.

– Ulstein kommune har ein visjon om eit innovativt, miljøvennleg anlegg for varme og kjøling i Ulsteinvik sentrum og områda opp til Høddvoll, seier Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein kommune. Endeleg er dagen komen for å ta det i bruk. Ulstein kommune eig infrastrukturen, medan Ulstein Fjernvarme eig energisentralane og driftar heile anlegget.

Såg til Nordfjordeid

Då Ulstein kommune skulle velje teknologi såg dei til Nordfjordeid og sjøvarmeanlegget der. Fjordvarme AS var tidleg inne i arbeidet som konsulent og stod føre utgreiingane som til slutt førte til valet av nettopp denne teknologien.

– Teknologien er framtidsretta og heilt klart ideell for denne type samfunn, der ein også er klar for tilleggsvarme frå andre energikjelder, seier Erik Andreassen, styreleiar i Ulstein Fjernvarme.

ReNorway frå Nordfjordeid er prosjektleiar for Forskings- og Utviklingsprosjektet der levering av dei første tre energisentralane i anlegget og tilknytt utviklingsarbeid inngår. Øen Kuldeteknikk frå Hornindal, ekspert på varmepumper, er engasjert som sentral samarbeidspartnar. Ulstein Fjernvarme har sjølv også ei viktig rolle i prosjektet.

Brukar mindre energi

Dei overordna måla for FoU-arbeidet er å bruke mindre energi, betre økonomien, og designe ei varmepumpe som i mindre grad påverkar global oppvarming.

– Også kompetansen me, og spesielt Ulstein Fjernvarme, har tileigna oss i løpet av prosjektet er viktig for å auke lønsemda for heile anlegget,

seier Stephan ter Stege, dagleg leiar i ReNorway.

Anlegget er eit resultat av lokalt og regionalt samarbeid.

– Eg ønskjer å dra fram miljøet i Nordfjord som med si erfaring og sitt utviklingsarbeid har bidrege til å finne betre løysingar enn ei vanleg levering hadde gjort, seier Øyvind Amdam, dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme AS. Han er glad for at dei har valt denne samarbeidsmodellen.

Frank Øen, teknisk leiar i Øen Kuldeteknikk, seier seg einig om samarbeidet.

– Samarbeidsmodellen med ei gruppe av lokale og regionale spesialistar fungerer. Ved å setje seg rundt bordet og diskutere tverrfaglege utfordringar saman, blir det nye løysingar. Både miljøet i Nordfjord og Ulsteinvik har mykje å hente på å jobbe meir saman.

Ulsteinvik som stjerneeksempel

Installasjonen og oppstarten av energisentralen til Sjøsida 1 er berre første levering i FoU-prosjektet. No følgjer ein testperiode på tre månader. Utviklingsarbeidet for dei andre to sentralane held fram parallelt med dette. Desse sentralane skal forsyne omsorgsbustader i Holsekerdalen og idrettsanlegget Arena Høddvoll og andre bygg i Høddvoll-området. Når dette FoU-prosjektet er fullført, skal Ulstein Fjernvarme jobbe vidare med dei andre tolv planlagde energisentralane.

– Det som no blir gjort i Ulsteinvik skal vere eit stjerneeksempel på lønsam, fornybar fjernvarme som skal inspirere andre kommunar til å investere i fornybare løysingar, understrekar Amdam.

– Vi må alle ta ansvar for miljøet. Eg er veldig stolt av Ulstein kommune som leier an.