– Eg gler meg veldig til å kome oppover. Det blir ein spanande dag, og dei som møter fram vil ha lært mykje berre i løpet av denne fyrste dagen, fortel Tjerand Slide, prosjektleiar i LKK og kurshaldar.

Måndag kveld blir det altså oppstartsmøte for det som vil bli Ulsteinvik sin fyrste kodeklubb.

– Her kan IT-interesserte vaksne og studentar ta turen, og eg kjem til å forklare kva koding er for noko og korleis det kan gjerast. Så blir det oppstart for kodeklubben. Eg håpar flest mogleg tek turen, for dette blir spanande, seier Tjerand Slide.

42 påmelde lærarar

Skulesektoren i Ulstein, som den fyrste i landet, tek satsinga på koding i skulen nokre steg vidare enn nokon andre kommunar har gjort til no.

Målet med å gjere koding som tema for elevar på mellomtrinnet i grunnskulen er at borna skal lære teknikkane med sjølve kodinga. Ein kunnskap det kan bli nyttig å ha i framtidas teknologibaserte arbeidsliv.

Tjerand Slide skal også i aksjon tysdag, men då er det dei som skal lære borna koding som sjølve får lære om temaet. Slide fortel at opplegget er klart, og at mange har meldt seg på.

– Tysdag blir det aller først samtale med skulane. Det blir eit møte med rektorane, og med den politiske leiinga i kommunen. Dette gjer vi for å legge ein god strategi for neste år, fortel Slide. Resten av dagen er det kurs for lærarane i kommunen.

– Heile 42 lærarar på mellomtrinnet har meldt seg på. Det er heilt fantastisk, og det vitnar om at dette er noko som lærarane også ser på som nyttig å lære seg. No blir dette ein integrert del av læreplanen, og Ulstein er fyrst ute med dette på landsplan. Vi i Lær Kidsa Koding skal gjere det beste vi kan for å setje lærarane i stand til å lære borna koding, og eg gler meg til å møte alle saman, seier Tjerand Slide.

Kodetimen

Måndag 7. desember startar Kodetimen på landsplan i Norge. Dette går ut på at ein set av ein skuletime til å gjennomføre LLK sine ferdige programmeringsopplegg. Dette skal Ulstein kommune sjølvsagt også vere med på.