Sundag skriv Smp.no at den nye redningsskøyta til Redningsselskapet framleis skal vere stasjonert i Fosnavåg. Det har den siste tida vore ein del skriverier i media etter at Vestlandsnytt gjekk ut med at sterke krefter ville ha skøyta til Ulsteinvik.

Maritim direktør Webjørn Knudsen i Redningsselskapet seier til Smp.no at redningsselskapet har fått tilbod om bustadar til mannskapet både i Ulsteinvik og Fosnavågen, men at det skal mykje til å flytte ei redningsskøyte, og at den blir verande i Herøy.

Ifølgje nettavisa har likevel mediemerksemda om saka vore med på å skaffe til veie betre bualternativ for mannskapet på RS "Idar Ulstein".

Les også: Storm i eit vassglas i Herøy

Les også: - Eg blei veldig rørt

Les også: - Har ingen agenda om å flytte RS "Idar Ulstein"