Sunnmøre politidistrikt melder at dei natt til sundag fekk beskjed om slåsting i samband med ein russefest. Ein person skal ha blitt slått fleire gongar.

Politiet kjenner til gjeringspersonen som blir meldt for forholdet.

Laurdag kveld kom det også melding om innbrot i ei garasje i Ulsteinvik. Der vart to gocartar og diverse utstyr stole, melder politiet. Ikkje lenge etterpå vart gocartane funne att. To gutar på 15 og 16 år stod bak både garasjeinnbrotet og eit innbrot i ein parkert bil, der det var stole mellom anna ein cd-spelar, pengar og ein mobiltelefon. Foreldra til ungdomane vart kontakta.