I dag, søndag, har det oppstått eit brot på ei vassleidning i Vikemyra. Dette gjer at det er vasslaust i området ved Skollebakken og Vikemyra.

Vekke til ca. kl. 15.00

- Det viser seg at brotet er litt komplisert, og det vil ta eit par timar før vi har reparert det, opplyser dei ved uteseksjonen til Ulstein kommune klokka 13.00 søndag.

Folk i desse områda må derfor bu seg på å vere vasslause fram til  rundt klokka 15.00.

vikebladet.no har også fått tips om at det i natt var vasslaust fram gjennom Holsekerdalen, men at vatnet der kom att etter klokka 05.00 i dag tidleg.

Sundag ettermiddag har Ulstein kommune gitt beskjed om at vatnet skal vere tilbake og at problemet er løyst.