Sjå den spektakulære Sande-filmen

Under Sandemessa i helga var det premiere på Tor Sivertstøl og Tindefilm sitt siste verk, "Sandefilmen". No ligg filmen tilgjengeleg for alle å sjå. Sjå filmen her!

Grønnevikarane Martine Dalen og Oda Grønnevik blei intervjua ved Myklebust Verft.Foto: Skjermdump.

Nyhende

Tidlegare TV-fotograf i NRK, larsnesingen Tor Sivertstøl, har gjennom sitt produksjonsselskap og saman med fleire andre aktørar, skapt ein hyllest til heimkommunen sin. På oppdrag frå Sande Næringsforum har filmskaparen samla saman noko av det beste av lokalt og regionalt fagfolk, samt flinke skodespelarar, for å presentere Sande på det store lerretet.

Det var fullt hus på premieren under Sandemessa på Breidablik laurdag, og mykje folk også under den andre framsyninga søndag. Det var knytt store forventningar til kva Sivertstøl og apparatet rundt han skulle presentere, og underteikna kan trygt seie at det var mange smil å sjå og stor jubel i etterkant.

I denne filmen har Tor Sivertstøl lukkast i å syne fram fleire av næringslivsaktørane i kommunen med litt over 2.600 innbyggjarar, krydra med fantastisk flotte innslag av natur, folk og ikkje minst ei kjærleikshistorie - som ein raud tråd gjennom det heile. Martine Almestad Hauge og Oskar Fjørtoft Sandanger speler hovudrollene.

Filmen ligg no tilgjengeleg på Vimeo og Youtube. Filmen kan du også sjå i vindauget over.