– Dette er ei pengestøtte frå Com-Net og CN Maskin til aktivitetar. Det er pengar som er øyremerka desse mindreårige ungdommane. Dei har ikkje så mykje å rutte med i forhold til aktivitetar, og vi tenkte dette kunne hjelpe på.

– Vi set stor pris på denne gåva, og er sikre på at vi får gjort mykje bra med pengane, seier Jan-Ove Finnes Sørensen og Hariwan Juburi ved Søre Sunnmøre mottak.

Heile 21.000 kroner får ungdommane, eit beløp som i sin heilskap skal gå til å leggje til rette for ein aktiv og kjekk kvardag.

– Til no har vi fått høyre at dei gjerne ønskjer å kjøpe eit bordtennisbord. Dei har fortalt oss at dei likte gåva godt og den vil kome godt med, seier Bodil Jåtun Molvik.

Solidarisk tiltak

Ho, Roy Bikset og Synnøve Skeide frå Com-Net, og CN Maskin, tok måndag turen til mottaket på Osnes for å helse på ungdommane. Det vart eit fint og varmt møte.

– Vi tenkte dette som eit solidarisk tiltak. Vi hadde lyst til å gi noko igjen til samfunnet. Vi høyrer mykje om flyktningkatastrofen. No har vi fleire som er her lokalt allereie, og dei fleste av desse ungdommane har også hatt det svært tøft på vegen hit. Vi skal ikkje gløyme dei som allereie er komne hit, seier Bodil Jåtun Molvik.

– Desse ungdommane har ingen andre enn seg sjølve. Sjølv om dei er i eit mottak der dei blir tekne vare på, så har dei lite, seier Synnøve Skeide.

Oppmodar andre til å gi

Trioen frå Com-Net og CN Maskin ønskjer at deira gåve kan inspirere andre verksemder til å gjere det same.

– Vi vil oppmode andre bedrifter om å gjere det same. Her gir ein ikkje til ein organisasjon der ein ikkje er heilt sikker på kvar pengane blir av, her ser ein med eigne auge kva som blir gjort med pengane, seier Synnøve Skeide.

– Vi ser desse ungdommane i samfunnet elles, og det er kjekt å kunne bidra til at dei får aktivisere seg.