I kveld, tysdag 24. november, ber Folkeaksjonen for Volda sjukehus inn til fakkeltog. Dei vil oppmode innbyggjarane i Hareid og Ulstein om å ta turen til Volda, for dette gjeld også dei.

Stasråd Høie la fram sin Nasjonale helseplan sist fredag. Då kom det Folkeaksjonen frykta, Volda sjukehus vil misse akuttkirurgisk beredskap. Det vil seie at akutte kirurgiske pasientar må sendast til Ålesund. Sjukehuset kan framleis utføre planlagde operasjonar.

Dei i Folkeaksjonen meinar at eit lokalsjukehus utan akutt kirurgisk beredskap, ikkje er eit fullgodt tilbod. Det meiner det vil gje eit dårlegare tilbod for fødande. Ein må ha akutt beredskap innan kirurgi for å vere eit fullgodt fødetilbod. Komplikasjonar kan oppstå, der ein må ha kirurg i tillegg til gynekolog. Fødeavdelinga vil forsvinne, spår aksjonsgruppa.

Dessutan kan eit fråver av akutt kirurgi føre til at det vert vankelegare å rekrutere kirurgar. Ein må ha den akutte delen for å halde ved like kunnskapane sine innan kirurgi, meiner dei.

Dei argumenterer med at Volda sjukehus er eit særs velfungerande lokalsjukehus. Difor må ein no ikkje byggje det ned. Det er også dårleg samfunnsøkonomi. Omlag 70% av alle pasientar som vert innlagde på lokalsjukehuset, vert behandla ferdig der, utan å måtte reise til meir spesialiserte sjukehus.

Ei kirurgisk avdeling får mange pasientar innlagt som ikkje treng operasjon, men som må ha kirurgen sin kunnskap for å få rett behandling, difor vert det feil å overfokusere på talet på operasjonar slik som Statsråden gjer i Nasjonal Helseplan, meiner dei.

Det blir apellar frå lege ved Medisinsk avdeling, fastlege i Nordfjord, representantar frå Folkeaksjonen, brukar av sjukehuset, lokale politikarar og stortingsrepresentant Kjersti Toppe som er nestleiar i Helse- og Omsorgskomiteen på Stortinget og ein ivrig forkjempar for dei lokale sjukehusa.