Bilferja MF "Ølen" har fått tekniske problem, og sambandet har difor vore nede ein periode i morgontimane tysdag. No har Norled teke ut MF "Høgsfjord" av Hareid-Sulesund, og sendt ferja sørover for å gå i sambandet Årvik-Koparnes fram til problema med den andre ferja er løyste.

Dermed er rute C på Hareid-Sulesund no innstilt ei tid framover. MF "Ølen" ligg no ved kai på Larsnes Mekaniske Verkstad.